E39 Myrmel-Lunde kart

Arbeidsfelleskapet FH Anlegg DA har i samarbeid med AS Birkeland Entreprenørforretning i dag blitt tildelt kontrakten om bygging av E39 Myrmel – Lunde.
Arbeidet skal starta opp våren 2021 og vera ferdigstillt hausten 2023.

Kontrakten er på i underkant av 350 millionar. AS Birkeland Entreprenørforretning står for alt tunnel og portalarbeid. FH Anlegg DA skal utføra alt anna utearbeid. Prosjektet omfattar utbetring og omlegging av 3,7 km smal og svingete veg i Gaular kommune, nord for Sande.

E39 Myrmel-Lunde smal og svingete veg

Smal og svingete E39. (Foto: Statens Vegvesen.)

Dette er ein viktig og stor dag for oss i Hirth Himle, seier vår daglege leiar Roald Himle. Det er ein  jobb som vi har lagt mykje arbeid inn i. Forarbeidet i lag med Fosse Maskin og Transport AS og AS Birkeland Entreprenørforretning har vore framifrå og vi ser fram imot å starta opp, seier Roald Himle. Til oppfølgning og sanntidsregistrering av massehåndtering, RUH, kvalitetsavvik,timeføring osv i prosjektet vil FH Anlegg DA benytta DITIO-app.

Hirth Himle Entreprenør AS og Fosse Maskin og Transport AS oppretta hausten 2020 arbeidsfellesskapet FH Anlegg DA. Same haust vart Hirth Himle sentralgodkjent for veg- og grunnarbeider klasse 3. Bakgrunnen for detta samarbeidet var å kunne vera konkurransedyktig i større anbud og då særleg med tanke på utbygging og utbedring av veg. Roald Himle har lang fartsstid frå Vassbakk og Stol der hans siste prosjekt var utbygginga av E6 Sør Helgeland.

E39 Myrmel-Lunde kart

Kart over den berørte strekningen. (Illustrasjon: Statens vegvesen)

Karensperioden er satt til og med 07.04.2021 kl. 23:59. Det vil etter det bli signert kontrakt og arbeidet vil starta opp.
Myrmel – Lunde er ein del av Statens Vegvesen si oppgradering av E 39 Lavik – Skei.