LEDIG STILLING SOM AVDELINGSLEIAR/PROSJEKTLEIAR

 

Hirth Himle Entreprenør AS er eit entreprenørfirma i vekst, med kontorer på Voss. Vi er i dag ca 40 ansatte som innehar solid kompetanse på fleire fagfelt.
Våre forretningsområde er innan veg, natursteinsmuring, va, betongarbeid, grunnarbeid, boring og sprenging.

Me ynskjer no å forsterka vår prosjektorganisasjon, med ein ny stilling som avdelingsleiar/prosjektleiar.

Hirth Himle Entreprenør har fleire prosjekt pågande i Bergensområdet, som er ein del av vårt selskaps strategi og vekst.
Som avdelingsleiar/prosjektleiar vil du få leia utfordrande prosjekt og bidra til økt verdiskaping og trivsel.

Vil du vera med på vår framtidige satsing i Bergensområdet?

 

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar/prosjektleiar har det overordna ansvaret for våre prosjekt, og har ansvaret for eit eller fleire prosjekter, avhengig av størrelse og kompleksitet.
  • Ha den løpande kontakten med byggherren og ansvaret for at alle involverte partar gjennomfører prosjektet som avtalt.
  • Sikra avdeling/prosjektøkonomien, med fokus på likviditet, framdrift og oppfølging av endringsomeldingar.
  • Optimalisering av ressurser og skape merverdi for byggherre og entreprenør.
  • Leia- og optimalisera teamet ditt med fokus på riktig kompetanse for å løyse oppdraget.
  • Sørgja for at avdelingen/prosjektet følgjer offentlige lovar og forskrifter, herunder ansvar for at prosjektet har nødvendig fagleg kompetanse innafor alle fag og stillingsområder.
  • Ansvarleg for oppfølging av organisasjonen og gjennomføra ansvars-fordeling på prosjektet og avvikla faste interne møtar med organisasjonen.
  • Hovedansvar for å leia og koordinera alle fag herunder HMS, kvalitetssikring, prosjektering, samt framdrift- og mannskapsplanlegging.
  • Ansvarleg for kontakt mot oppdragsgivars organisasjon (prosjektleiar, byggeleiar og rådgivarar) og delta i møter/befaringar som tilligger prosjektet, som blant anna prosjekteringsmøter og byggherremøter.

Vi tilbyr

  • Gode vilkår.
  • Forsikring og AFP- pensjonsordning.
  • Trygt og godt arbeidsmiljø.
  • Utviklingsmoglegheiter.

Du har

  • God og brei erfaring frå bransjen.
  • Nødvendige kvalifikasjonar for stillingen.
  • Gode samarbeidsevnar.
  • Løsningsorientert, systematisk, sjølvstendig og ansvarsbevisst.
  • Gode datakunnskapar.
  • Fokus på din eigen og andres sikkerheit
  • Beherskar norsk og engelsk muntlig og skriftlig

Søknadsfrist 15.02.2022

Kontaktperson:

Roald Himle, dagleg leiar.
E-post: roald@hirth-himle.no – mob: 957 88 000

arbeidsmannsforbundet Hirth Himle Entreprenør AS