Vil du bli med oss på laget?

Hirth Himle Entreprenør AS søker dyktige maskinførere, grunnarbeider med ADK sertifikat og reparatør på anleggsmaskiner!

Er du den personen som kan vera med å bygge kvalitet i bedrifta?

 

Me ser etter deg som ikkje er redd for å ta i et tak. Som ynskjer å læra noko nytt eller læra meir.
Som like å være på farten, treffa nye menneske og som er løysingsorientert.
Du bør være glad i varierte arbeidsdagar og kunne være fleksibel, då me har stor variasjon i oppdrag. Me søker etter ein person med høg yrkesstoltheit og har god kompetanse. Arbeidsoppgåver vil omfatte alt frå planlegging, HMS/KS arbeid til graving og dagleg vedlikehald av utstyret du bruker. Me kan tilby en inspirerande, spennande, annleis og variert kvardag som sjeldan er kjedeleg. Me ynskjer at dette desse stillingane skal tiltrekke dei ekstraordinære som kan bygge kvalitet og bedrifta vidare der den er i dag, saman med leiarane. Du får oppleve stort mangfald av menneske, steder og utfordringar.
Så er du den personen som har det vetle ekstra som me er ute etter? Da er dette jobben for deg!

– Du må ha førarkort klasse B
– Du må ha gode norskkunnskapar
– Ha god moral og sans for detaljer
– Like å jobbe i team og sjølvstendig
– Like travle dagar
– Trivest i en varierande arbeidsdag
– Me kan tilby gode lønsbetingelsar og ein trygg arbeidsplass
– Gode pensjons- og forsikringsordningar
– Sosiale arrangement
– Godt arbeidsmiljø og god takhøgde

Kort om oss:

Hirth Himle Entreprenør As er ein totalentreprenør innanfor grunnarbeid. Me har spesialisert oss på natursteinsmuring, plastring samt vegbygging. Men driver med alt frå VA, tomtearbeid til små jobbar og kabelgraving. Hirth Himle Entreprenør As har hovudkontor på Voss samt eit avdelingskontor i Bergen. Me er 32 ansatte, har gravemaskiner frå 1 til 50 tonn, 3 borerigger, 2 boretårn, elektriske maskiner, dumpera og anna utstyr som faller inn under anleggsmaskiner. Me er miljøfyrtårnsertifisert og ISO sertifisert. Med over 50 års erfaring er Hirth Himle Entreprenør AS – EIT TRYGT VALG!

Ta kontakt for ein uforpliktande prat og send inn ein søknad då vel!
Dagleg leder: Kristian Øvsthus  91 11 38 05 kristian@hirth-himle.no
Avdelingsleder Voss: Daniel Stana: 48 03 18 33 daniel@hirth-himle.no
Avdelings leder Bergen: Jostein Mjelstad: 40 69 36 03 jostein@hirth-himle.no
Verksmeister: Kjartan Skutle : 48 00 91 20 kjartan@hirth-himle.no