Hirth Himle Entreprenør AS - Kven er vi

KVEN ER VI

Hirth Himle er ei ledande entreprenørbedrift med over 50 år lang historie.

Vi har spisskompetanse på natursteinsmuring. I tillegg utfører vi vegbygging, plastring, drenering, tomtegraving, spesial graving i vanskelege terreng, boring, sprenging, riving og VA-grøfter.

Samt massetransport, maskinfrakt og anna arbeid som fell seg inn under graving og transport. Hirth Himle Entreprenør AS er i dag ISO 9001 sertifisert, godkjent Miljøfyrtårnbedrift og har sentralgodkjenning for tiltaksklasse 3 i fleire fagfelt.

 

Jobba hjå oss?

Firmaet vart starta av Odd Hirth Himle i 1970, som Odd Hirth Himle Entreprenør.

Han starta med ein traktorgravar der hoveddrifta var nydyrking, samt grøfte graving for bønder. Etter kvart utvida både bedrifta og kompetansen seg.

På 1980 talet vart traktorgravaren skifta ut med beltemaskiner i ulike storleikar. Arbeidet dreia seg om boring, sprenging, bygging av skogsbilvegar og VA -grøfter.

Frå 1990 – 2011 vart det eit entreprenør selskap , med 3 tilsette som tok på seg eit breidt spekter av oppdrag.

Asbjørn Himle, son til Odd Hirth Himle, tok i 2011 over drifta. Då vart navnet endra til Hirth Himle Entreprenør AS. Her utvidar drifta seg kvart år fram mot 2022, der det no er ca. 31 tilsette.

I desember 2023 gjekk Asbjørn Himle ut av selskapet. Kristian Øvsthus (dagleg ledar) og Kjartan Skutle (verkstadledar) tok over som eigara.

Med over 50 års erfaring er Hirth Himle Entreprenør AS – EIT TRYGT VALG!