Våre menn på prosjektet. Frå venstre: Anleggsleiar Christian Fosse (FMT) og formann Torbjørn Midthun (HHE).
Måndag 9. August var da endeleg oppstart og vi kom i gong med arbeidet på E39 Myrmel-Lunde. Mykje logistikk og papirarbeid er det heilt klart før ein kjem skikkeleg i gong på eit slikt stort prosjekt. Maskiner lyt fraktast, brakkeriggar skal på plass, og dei riktige folkene må komma til gitt tid. Mange aktørar er involvert, så Christian Fosse og Torbjørn Midthun har meir enn nok å gjera på. Eit stort ansvar som dei tek på strak arm og ser fram i mot.
OM FH ANLEGG DA OG BAKGRUNN
Hirth Himle Entreprenør AS og Fosse Maskin og Transport AS oppretta hausten 2020 arbeidsfellesskapet FH Anlegg DA. Same haust vart Hirth Himle sentralgodkjent for veg- og grunnarbeider klasse 3. Bakgrunnen for detta samarbeidet var å kunne vera konkurransedyktig i større anbud og då særleg med tanke på utbygging og utbedring av veg. Roald Himle har lang fartsstid frå Vassbakk og Stol der hans siste prosjekt var utbygginga av E6 Sør Helgeland.
Fosse Maskin og Transport AS har bl.anna vore med på RV 13 Goteviktunnnelen Vik-Vangsnes. Det var eit skredsikrings prosjekt for å sikre ein svært utsett strekning nord for Vik sentrum for skred. Terrenget var svært sidebratt, og det er registrert 133 skred i perioden 1986 – 2012. Det vart bygd 2,8 km tunnel og om lag 1,2 km veg i dagen. Ved portal i nord, Gotevik, er det murt mykje natursteinsmur. Ved portal i sør, Vik, er bratt sideterreng sikra med nett og jordnagling.
AS Birkeland Entreprenørforretning står for alt tunnel og portalarbeid på E39 Myrmel-Lunde. FH Anlegg DA skal utføra alt anna utearbeid. Prosjektet omfattar utbetring og omlegging av 3,7 km smal og svingete veg i Gaular kommune, nord for Sande.
Kart over den berørte strekningen. (Illustrasjon: Statens vegvesen)