Hirth Himle Entreprenor AS - veg- og grunnarbeider

Hirth Himle Entreprenør AS har fått oppgradert og utvida sentralgodkjenning. Det nya av året er godkjenning i veg- og grunnarbeider.
Dei siste årene har vi fokusert på utvikling og oppgradering av bedriften. Slik kan vi fortsatt hevda oss i ein stadig aukande konkurranse i anleggsbransjen.

Tidligare i år blei vi Miljøfyrtårnsertifiserte. No i haust har vi både utvida og oppgradert Sentralgodkjenningen vår. 2020 har i så måte vore eit godt år og vi er stolte av resultatet.

 

 

 

Kunnskapsbasen vår ligg hjå våre dyktige ansatte. Utdanning, sertifisering og erfaring er viktig ved nyansettelsar. Vidareutvikling  som fagarbeidar ved  sertifiseringar og kurs er eit av våre fokusområder.
Arbeidet vi har lagt ned har båre frukter. Heilt nytt av i år er godkjenning i Veg- og grunnarbeider klasse 3.
Vi har også gått opp frå klasse 2 til klasse 3 i;

  • Vannforsynings- og avløpsanlegg
  • Landskapsutforming
  • Innmåling og utstikking av tiltak

Når det gjeld Plasstøpte betongkonstruksjoner er vi godkjent for klasse 1.

Her kan du sjekka om ei bedrift har SENTRALGODKJENNING

Hirth Himle Entreprenør AS har som eit av fleire mål å vera ein interessant arbeidsplass for våre tilsette, tilby godt arbeid for våre kundar og vera ein moderne entreprenør som fylgjer med i tida. Dette arbeidet er ein kontinuerlig prosess, så du må gjerna fylgja med oss inn i 2021 og sjå kva som kjem av nyheiter.