Våre tilsette Hirth Himle Entreprenør AS Scene konsert Staut Fosse Maskin og Transport AS FH Anlegg DA Storefjell Resort Hotell

Våre tilsette sin kvardag består av lange arbeidsdagar i all slags ver. Dei køyrer maskinar verdt fleire millionar, og som veg mange tonn. Samstundes skal dei til ei kvar tid tenka HMS.
Sin eigen sikkerhet, men og kollegaer, forbipasserande, naboar til anleggsplassen og medtrafikantar sin sikkerheit er i fokus. Det er ein krevjande arbeidssituasjon, som fordrar at alle er våkne og fylgjer med på kva som skjer rundt dei til ei kvar tid. Vi må, og skal ha sikkerheit fremst i tankerekko når vi er på arbeid. HMS-arbeidet vårt er grunnlaget for ein sikker kvardag, og at alle våre tilsette kjem like heil heim til sine.

HAUSTEN 2020 UTVIDA VI VERKSEMDA VÅR

I lag med Fosse Maskin og Transport AS oppretta vi FH Anlegg DA. Tanken er at vi saman utfyller kvarandre, og kan delta på større og meir komplekse prosjekt.
Våren 2021 vant vi eit større vegprosjekt i lag med Birkeland Entreprenørforretning. Oppstart på prosjektet E39 Myrmel – Lunde vart august i år.
Det er ei spanande tid for oss. Tilsette frå to bedrifter, og to ulike arbeidskulturar skal arbeida saman. Dette har gått over all forventning.

Eit anna prosjekt vi har gjort i haust, og som er ferdig no i desember, er plastring av dam i Høyanger. Dette er eit oppdrag FH Anlegg DA har utført i lag med Consto Dambygg AS for Statkraft Energi AS.

Våre tilsette Hirth Himle Entreprenør AS Frokost Fosse Maskin og Transport AS FH Anlegg DA Storefjell Resort Hotell

Frokost med utsikt på Storefjell, Gol.

Alle tilsette har gjort ein kjempegod innsats, og verkeleg stått på heile hausten. Som ein takk for innsatsen, og ein del av vår felles strategi med å byggja arbeidslag, tok ledelsen på seg spanderbuksene. Fosse Maskin og Hirth Himle inviterte til jolabord for alle tilsette i lag.

Helgo 19-21 november i år reiste vi til Gol og Storefjell Resort Hotell. Ei flott helg med nydeleg mat, konsert med Staut, fellesmøte og dans på diskoteket. Vi fikk anledning til å bli kjent med nye kollegaer, og ikkje minst treffe dei som styrer heima når våre folk er vekke på anlegg 4 dagar i veko. Med på turen var også vår systemleverandør DITIO som fekk taletid, og tok imot spørsmål på fellesmøtet vårt laurdag.

Våre tilsette Hirth Himle Entreprenør AS Fellesmøte Fosse Maskin og Transport AS FH Anlegg DA Storefjell Resort Hotell

I samband med vårt HMS-arbeid vart fellesmøtet avslutta med ei oppfordring til å gjennomføra Sikker Fest Analyse (SFA), før laurdagskveldens middag og dans. I etterkant trur vi at detta er noko vi treng øva oss på til neste gong vi skal samlast.